
Det er Vernissage i ein leilighet på Grunerløkka. Har bilete på veggen, men har og bestemt meg for å blogga frå heile Osloturen og altså Live frå opninga. Det strømmer på med fint publikum frå sju og utover. Vinen forlet kartongane og sjokoladekaka frå instalasjonen til Kari blir lagt på fat. No er klokka 22.57. Det er nettopp annonsert at det er tomt for raudvin. Det kom som eit sjokk! Det er fullt i sofaen og fullt på kjøkkenet, men eg sit og blogger... Det er kanskje best å gjera ferdig jobben FØR festen. Derfor tenker eg å ta siste dråpen med meg og delta i samtalen. Meir raudvin å få om ein beveger seg ut i Oslonatta. Gry har lyst! Kanskje eg. Me er dei einaste single.
Imoro er utstillinga open 12-15. Då skal me bu her, drikka kaffi, strikka og blogga medan publikum kjem og ser.
Malene Bjørge
Ingen kommentarer:
Send en kommentar